Stengde kommunale vegar 28.06.2011
ENGESETVEGEN
Eit ras har fløymd over og øydelagd vegen mot Engesetdalen, vegen er stengd inn til vidare.
Politi er på staden og vil samarbeide med kommunen om vurderingar og tiltak i området.
Geolog frå NVE i Førde har vurdert tilhøva, og meinar det ikkje er fare for fleire ras på staden.
Kommunen vil i ettermiddag vurdere tiltak for opprydding av vegbana.
ASHEIM ved E39
Her er fleire kommunale vegarstrekningar øydelagd av utgraving/ras. Her er omkjøyringsmogelegheiter via gamlevegen.
Kommunen vil ha synfaring på desse vegane i ettermiddag, og vil vurdere tiltak i høve opprydding.
BREKKE v/Kyrkja (Høgereina)
Eit ras sperrar vegen. Vegen er stengt inn til vidare.
Kommunen vil ha ny synfaring på vegen i ettermiddag, og vil vurdere tiltak i høve opprydding.



