Framsida > Artikkel

Storfint besøk fra Nord-Trøndelag

Frå v. Frode Revhaug, Elin Agdestein og Gunnar VikenEin delegasjon frå Nord-Trøndelag Fylkeskommune og Frosta kommune vitja i dag Sogn og Fjordane og Tusenårsstaden Gulatinget i Gulen kommune.
Fylkesordførar Gunnar Viken kom saman med mangeårig ordførar i Frosta kommune Frode Revhaug, og Fylkestingsmedlem Elin Agdestein for å høyre om utviklingsprosjektet knytt til Gulatinget.

Delegasjonen ønskjer å undersøkje mogelegheitane for å få til eit liknande utviklingsprosjekt knytt til Frostatinget, som det ein har fått til i Sogn og Fjordane knytt til Gulatinget. Dette ser dei som viktig både for å auke merksemda rundt Frostatinget, men også med tanke på næringsutvikling og reiseliv i regionen. Som styringsgruppa for Gulatinget er dei også opptekne av korleis tingordningane frå vikingtida har ein naturleg plass i Grunnlovsjubileet i 2014. Tinga i mellomalderen var staden der Noregs første lovsamlingar vart utforma, samstundes som dei er dei eldste politiske institusjonane vi har hatt.

Prosjektleiar Anne-Karin Misje orienterte om arbeidet i Gulatingsprosjektet så langt, og om planane vidare. Trøndarane fekk ein innføring i Gulatinget si historie, og vart deretter synt rundt på Tusenårsstaden. Minneparken er nær dobla i areal dei siste åra, som eit resultat av utviklingsarbeidet knytt til Gulatinget. Prosjektleiar orienterte om planane for etableringa av eit visningssenter på Gulatinget, om samarbeidet med andre tingstader rundt Nordsjøen, og ikkje minst; om planane for deltaking i Grunnlovsjubileet i 2014. 

Trøndarane var svært positive til det dei såg og høyrde, og opna for eit mogeleg framtidig samarbeid mellom Frostating og Gulatinget. Fylkesordføraren understreka at Sogn og Fjordane (og Nord-Trøndelag) forvaltar ein nasjonalt viktig del av rettsthistoria i Noreg, og at Grunnlovsjubileet i 2014 er ein eineståande mogelegheit til å formidle denne historia for eit najonalt publikum. Trøndarane meinte at ein liknande mogelegheit til å markere Gulatinget og tingsamlingane i mellomalderen for eit nasjonalt og internasjonalt publikum hadde ein ikkje i overskodeleg framtid, og inviterte til om mogeleg å gjere felles sak opp mot jubileet.

Program for deltaking i Grunnlovsjubileet og planane for etablering av visningssenteret på Gulatinget kjem opp i Fylkestinget i desember.

Web levert av CustomPublish AS