Studietur til Skottland
Kven kan søkje?
Vi har ei avgrensa tal plassar og ønskjer søknader frå dei som:
- driv innanfor reiselivsbransjen i dag og vil vidareutvikle eit naturbasert reiselivsprodukt
- har konkrete planar om å etablere ny naturbasert reiselivsverksemd
- Arbeider med rettleiing og rådgjeving for naturbasert reiselivsutvikling
Med naturbasert reiseliv meinar vi her kommersielle aktivitetar som enten inneheld ein stor grad av naturinformsjon og eigenaktivitet i naturen og / eller aktørar som målretta marknadsfører naturkvalitetar som sin hovudattraksjon.
Kva kostar det?
Vi prøver å få til tidleg påmelding, rimelige flybillettar og elles gunstig finansiering. Deltakarane sin eigendel vil vere eiga arbeidstid (6 dagar inkludert reise), reisekostnader tur/retur Bergen + tusen kroner.
Kva lærer vi?
Vi har alliert oss med erfarne og dyktige fagfolk innan skotsk naturbasert reiseliv, og vi vil tilpasse rundreisa litt etter deltakarlista. Vi vil få høve til å besøkje diversen informasjonssenter (sjøfugl, skog, folkeliv, verneområde), verksemder som driv naturbaserte reiselivsaktivitetar og organisasjonar som er aktive. Vi vil ha ein kvalifisert rettleiar med på heile turen. målet er heile tida å hente idear og erfaringar til utvikling av eiga verksemd.
Korleis reiser vi?
Turen går med fly frå Bergen til Aberdeen eller Edinbourgh på ein søndag med retur påfølgjande fredag. På rundreisa i Skottland nyttar vi innleigd buss og sjåfør. Vi tek sikte på å bu på dobbeltrom, men kan tinge enkeltrom dersom det er spesielle behov.
Korleis følgjer vi opp?
Etter studiereisa vil vi arrangere ei fagleg samling der deltakarane kan oppsummere og vidareutvikle erfaringar. Deltakarane vert utfordra til å presentere bilete og reiserapportar på denne samlinga. Vi ønskjer til slutt at reisedeltakarane skal forme ei nettverksgruppe innanfor Kystarvprosjektet. Denne gruppa vil ha ei viktig rolle for å sikre verdiskapningsperspektivet også i dei andre delprosjekta i Kystarven.
Korleis søkjer du?
Dei som ønskjer å delta, må fremje ein søknad til næringskontoret eller næringsselskapet i "sin" HAFS-kommune. I tillegg til personopplysningar må søknaden innehalde ei kort skildring av den verksemda du driv i dag, eller ein kort "forretningsplan" for den verksemda du ønskjer å starte opp. Vi vil også sette pris på om du formulerar dine forventningar til ein slik studietur. Slike formulerte forventningar kan vi nytte til å skreddarsy turen etter deltakarane sine ønskje.
Per Arne Tveit
Prosjektleiar
Tlf. 915 89 681 / 482 29 504


