Transporttenesta er i utgangspunktet eit tilbod om fritidsreiser, men kan nyttast til alle typar reiser med unntak av:

  • Reiser som blir betalt av trygdekontor. Eigenandel ved slike reiser skal transportbrukar betale sjølv på lik line med andre som reiser for trygda si rekning
  • Reiser til / frå skule
  • Andre reiser betalt av det offentlege

 Godkjenning av transportbrukarar

  • Kommunen godkjenner personar etter søknad på fastsett søknadsskjema.
  • Person som er godkjend som tt-brukar i anna fylke, må søkje om ny brukargodkjenning ved flytting til Sogn og Fjordane.
  • Person som er godkjend som tt-brukar i Sogn og Fjordane, men som flyttar innan fylket, treng ikkje å søkje på nytt. Brukaren blir å registrere som brukar i sin nye heimkommune.
  • Funksjonshemminga skal være varig og må vare i minst 1 år for at søkjar skal kunne godkjennast.
  • Graden av forflyttingshemming skal leggjast til grunn, ikkje type funksjonshemming eller alder.
  • Transporttenesta er ikkje meint og vere ei erstatning for eventuelt manglande busstilbod eller til dømes lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande bustad.


Prioritering av søkjarar
Ved prioritering av søkjarar vert brukarane prioritert etter ikkje skjønnsmessig vurdering og ei skjønnsmessig vurdering. Brukarar som ikkje har ei skjønnsmessig vurdering har førsteprioritet. 
Les meir

Bruk av brukarkort (magnetkort) og reisekupongar 
Les meir 

Ferdig utfylt søknadsskjema sendast til:
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

 

Meir informasjon om dei nye retningslinene for tilrettelagt transport i Sogn og Fjordane finn du her

Søknadskjema om tilrettelagt transport

Eigenerklæringsskjema pdf