Framsida > Artikkel

Trafikktryggingstiltak i Byrknesøy

Varsel om planoppstart

I medhald av plan- og bygningslova §12-8, vert framlegg til planoppstart kunngjort for
Trafikktryggingstiltak på Byrknesøy.
Målet er mellom anna gangvegprosjekt, utviding av kryss og utbetring av sikt på Byrknesøy.

Høyringsfrist 15. september 2011.

Tiltak 1: Gangvegprosjekt Aksjon skuleveg.
Dette er eit kommunalt gangvegprosjekt i tilknyting til Fylkesveg 4, og det synest ikkje utan vidare opplagt korleis ein løyser dette på best mogleg måte, med det føremål å få til ei heilskapleg løysing også i høve til tidlegare oppretta gangvegsystem. 

Tiltak 2:  Kryss / avkøyring Fv 4 til kommunal veg.
Dette er relativt mindre tiltak, der framlegget går på å utvide krysset litt og i tillegg utvide Fylkesvegen austover på strekningane 9 m til 28 m frå krysset og frå 41 m til 75 m frå krysset. Dette for å betre sikten inn mot, og ut frå vegkrysset.

Tiltak 3:
a) Utbetring sikt kommunal veg.
Vekksprenging av fjellknausar på 3 parti slik at sikten opp til krysset vert betre.
b) Bygging av møteplass for vogntog.
Den kommunale vegen er smal og det er såleis trong for ein møteplass.

Sjå kart

Alle med interesse i planen vert med dette oppmoda til å komme med ei uttale. Framlegget er lagt ut på kommunehuset i Eivindvik og i tillegg til kommunen sine heimesider.

Eventuelle uttaler/merknader må sendast skriftleg innan
15. september 2011 til
Gulen kommune, Teknisk Etat, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
eller via postmottak@gulen.kommune.no

Web levert av CustomPublish AS