Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 EIVINDVIK
Opningstider ekspedisjonen: kl. 09.00-15.00
Telefon: 57 78 20 00
Tryggleiksalarm
Har du behov for ein tryggleiksalarm så kan du leige den hjå kommunen. Gulen kommune arbeider saman med Hjelp24.
Det kostar kr 273,-pr mnd .( + sjølvtesting kr 60,- pr mnd. denne utg kjem på telefonrekninga.)
Dersom du ynskjer ein slik alarm, fyll ut søknadskjema og send den tilbake til kommunen.
Klikk her for å finne skjemaet "Søknad om pleie og omsorgstenesta"...
Du kan gjerne ta kontakt med soneleiarane på bu- og omsorgsenteret eller kommunen, telefon 57 78 20 00.
- Eivindvik bu- og omsorgsenter, telefon 57 78 43 17
- Dalsøyra bu- og omsorgsenter, telefon 57 78 31 84 eller mobil 905 08 727
- Brekke bu- og omsorgsenter, telefon 57 78 56 67
- Byrknes bu- og omsorgsenter, telefon 57 78 21 01
Det er vaktmesterane i kvar sone som kjem heim til deg og setter opp alarmen. I Eivindvik sone er det Reidun Eide som installerer alarmen, mobil 900 97 018 eller heimetelefon 57 78 46 64.



