Turist i Gulen

skjerjehamn

Gulen kommune er eit eldorado for tilreisande og kan tilby ein aktiv ferie, med rike opplevingar i flotte naturområder.

Reiselivsbedriftene i kommunen tilbyr eit vidt spekter av opplevingar frå dykking, padling, RIBturar i skjærgarden og turer på godt merka løyper i fjellet. I Gulen kan du campe, bu på hotell, hytter eller rorbuer, og spise gourmetmat tilberedt av lokale råvarer.

Kvar dag i sommarmånadene kan du bli guida på Tusenårsstaden Gulatinget og vitje attraksjonar som Vassbruksmiljøet på Takle, Treskofabrikken i Sellevåg, Fiskarbondemuseet på Byrknes m.m. På Skjerjehamn kan du sjå Olavstatuen og kvart år første helga i august delta på "Utkantfestivalen". Som dagsturutflukt kan du vitje Villmarksmuseet på Massnes, Bjørn Westmuseet i Matre, bli med på Øyhopping til Bulandet og Værlandet eller til Utvær - Noregs vestlegaste punkt der Leidangen for dette området vart samla i vikingtiden. Eller du kan vitje Kvernsteinsparken i Hyllestad - ein svipp rett over Sognefjorden frå Rutledal. Regionen har fleire Nordsjøløyper for besøkande som søker aktivitet og ynskjer å lære om kulturminnar og attraksjonar i regionen ved kysten av Sognefjorden.
 
På FjordKysten.no er reiselivet for regionen presentert. Velkommen til ein aktiv ferie i historiske Gulen!

Velkommen til ein aktiv ferie i historiske Gulen!

redigert gulating













Nordsjøløypa

Sollibotn - Flolid (skilt) 
Løypeark (norsk) 
Løypeark (english) 
Løypeark (deutsch) 

Eivindvik (skilt)
Løypeark (norsk) 
Løypeark (english) 
Løypeark (deutsch)

Nytt frå Fjordkysten

Her kan du lese og laste ned Reiseguide 2009 for Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger.
 

Fleire nyhende frå Fjordkysten

Web levert av CustomPublish AS