Kva er manntal?

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i kommunen. For å kunne røyste ved valet, må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

Alle med røysterett, blir førte opp i manntalet i den kommunen der dei var folkeregistrert som busette pr 30. juni i valåret.

Korleis kontrollere at du står i manntalet?

Er du i tvil om du har røysterett i Gulen kommune, er det lurt å sjekke om du står oppført. Dette kan du gjere ved å møte opp på kommunehuset, eller ved å ringe telefon 57 78 20 00.

Korleis kontrollere at du står i manntalet?

Vi kan sjekke om du står oppført i annan kommune. Då har du røysterett der. Viss du meiner at manntalet er feil, kan du sende skriftleg klage til

Valstyret i Gulen, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
E-post: postmottak@gulen.kommune.no

Du kan sende klage heilt fram til og med valdagen.

 

Valstyret i Gulen ved Hallvard Oppedal, leiar.