| Vaktmeister |
• 75% fast stilling som vaktmeister ledig frå 1.10.10. Vi ynskjer ein person som jobbar sjølvstendig, er allsidig og fleksibel, og med gode samarbeidsevner. Relevant fagbrev er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil. Arbeidsoppgåvene er for tida tilsyn og drift av kommunale bygg i Eivindvik, mellom anna ved Eivindvik skule. Nærare opplysningar ved einingsleiar drift og vedlikehald Geir Haveland, 57782030 (90849494) Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 12.07.10 |


