Vaktmeister


• Vi har ledig 50 % vikariat som vaktmeister frå 1.11.10 - 1.11.11.

Vi ynskjer ein person som jobbar sjølvstendig, er allsidig og fleksibel, og med gode samarbeidsevner. Relevant fagbrev er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Arbeidsoppgåvene vil for tida vere tilsyn og drift av kommunale bygg på Byrknes, mellom anna ved Byrknes barnehage og skule.

Nærare opplysningar om stillinga:
Einingsleiar drift og vedlikehald Geir Haveland, 57 78 20 30 (908 49 494)

Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
For tilsetjing innan PU, i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest.

Søknad med CV vert å sende til Gulen kommune, 5966 Eivindvik innan 20.09.10

Web levert av CustomPublish AS