Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter § 4-2 og planprogram etter § 4-1. Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn samtidig som planarbeidet vert varsla.

Tiltakshavar er Kversøy Invest AS. A/STAB er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet er 411,3 daa. Delar av planområdet har tidlegare vore nytta til fiskerinæring. I gjeldande kommuneplan er området sett av til arealformål LNFR og LNFR for spreidd bygging samt FFNF/Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone og ferdsel/farlei.

Formålet med planarbeidet er å detaljregulere aktuelt areal til eit landbasert akvakulturanlegg, fiske- og foredlingsindustri og lager. I tillegg er det planlagt uttak av vatn frå Mjømnevatnet, Randalsvatnet og Midtbøvatnet.

Klikk her for planprogram for Mjåsund Næringspark

Klikk her for oversiktskart

Merknader til planarbeidet kan sendast
A/STAB AS
Midtunhaugen 10
5224 Nesttun

eller per e-post til post@a-stab.no

Merknadsfrist: 03.03.17.

Dei som etter lova har krav på skriftleg varsel om planoppstart vert varsla direkte med brev.

For meir informasjon om planarbeidet kontakt A/STAB AS, tlf: 412 08 335.