skjerjehamn

Gulen kommune er eit eldorado for tilreisande og kan tilby ein aktiv ferie, med rike opplevingar i flotte naturområder.

Reiselivsbedriftene i kommunen tilbyr eit vidt spekter av opplevingar frå dykking, padling, RIBturar i skjærgarden og turer på godt merka løyper i fjellet. I Gulen kan du campe, bu på hotell, hytter eller rorbuer, og spise gourmetmat tilberedt av lokale råvarer.

Kvar dag i sommarmånadene kan du bli guida på Tusenårsstaden Gulatinget og vitje attraksjonar som Vassbruksmiljøet på Takle, Treskofabrikken i Sellevåg, Fiskarbondemuseet på Byrknes m.m. På Skjerjehamn kan du sjå Olavstatuen og kvart år første helga i august delta på "Utkantfestivalen". Som dagsturutflukt kan du vitje Villmarksmuseet på Massnes, Bjørn Westmuseet i Matre, bli med på Øyhopping til Bulandet og Værlandet eller til Utvær - Noregs vestlegaste punkt der Leidangen for dette området vart samla i vikingtiden. Eller du kan vitje Kvernsteinsparken i Hyllestad - ein svipp rett over Sognefjorden frå Rutledal. Regionen har fleire Nordsjøløyper for besøkande som søker aktivitet og ynskjer å lære om kulturminnar og attraksjonar i regionen ved kysten av Sognefjorden.
 
På FjordKysten.no er reiselivet for regionen presentert. Velkommen til ein aktiv ferie i historiske Gulen!

Velkommen til ein aktiv ferie i historiske Gulen!

redigert gulating













 

Brosjyre om Gulen kommune

frontpage.jpg

 

 

Transport - Korleis kjem du deg til Gulen?

Nytt frå Fjordkysten

Her kan du lese og laste ned Reiseguide for Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger.