Viltforvaltning

hjort  Viltforvaltning er målretta innsats for å ta vare på, auke, hauste eller redusere viltstammar.

Vårteljing

Resultate frå Vårteljinga av hjort 2011 er no avslutta. Det er framleis mykje hjort i Gulen og indre og høgareliggande strok har fått ein merkbar auke.  Siste teljedagen, 6 mai gav lægre tal. Dette kan skuldast fleire ting, men iflg merkeprosjektet kan ein sjå at hjorten er begynt å trekke mot sommarbeite, det var mykje gylle på bøane og det kom regn så hjorten heldt seg i utkanen av bøane og var vanskeleg å sjå.

Resultat av vårteljinga 2000-2011

Diagram

Jegerprøven

Jegerkurs 2011 

Ettersøk av skada vilt og handtering av kadaver

Klikk her for meir informasjon..
 

Merke- og Utviklingsprosjektet for Hjort- Hordaland og Sogn

Gulen kommune slutta seg til prosjektet og fekk vinteren 2010 merka 3 koller på Eidsbotn.  Det eine dyret vart dessverre skote på Lindåslandet, men dei andre 2 kollene er i aktivitet.  Desse har nummer 21 og 22.
Vinteren 2011 fekk vi merka 2 dyr på Takle, ein bukk og ei kolle. Kolla har fått nummer 28 og bukken nummer 31.
Dyra er merka med GPs-sendar og bevegelsesmønsteret deira kan du følgje ved å logge deg inn på  www.hordahjort.no

Observasjonar av GPS-dyr

Prosjektet er avhengig av eit godt samarbeid med jegerar, grunneigarar og andre interesserte. Dersom det vert observert eit merka dyr med GPS-halsband så ynskjer prosjektet informasjon om dette ved å sende e-post til post@hordahjort.no, eller sms til 404 80 203. Gje straks melding dersom kolla har vårkalv med seg. Ved jakta 2010 ber vi om at GPS-dyra blir sparde. 
 
sjå GPS-hjort skjema og Informasjon om projektet HordaHjort før jakta 2011 

Sett hjort

Sett-hjort gjer oss opplysningar om utviklinga i bestandsstørrelse, produktivitet og kjønnssammensetning. Dette er verdifulle bidrag for å oppnå kunnskap om den lokale hjortebestanden. Du og ditt jaktlags observasjonar er difor viktige i dette arbeidet. Vær difor nøye med å fylle ut sett-hjort etter kvar jaktdag.
 

Viltfondet

Retningslinjer 

Felling av dyr som gjer skade

Klikk her for å få meir informasjon...

Fiskefondet

Retningslinjer
 

Hjorteviltregisteret

Hjorteviltregisteret www.hjortevilt.no er saksbehandlarverkty og datalager i hjorteviltforvaltninga. TIlgang på informasjon i registeret er open for alle.

Gulen kommune registrerer fellingsløyver, fellingsdata, sett hjort, slaktevekter og fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det ligg inne registreringar frå 2003.

Alle valda har fått valdnummer i Hjorteviltregisteret.

Web levert av CustomPublish AS