Det er no totalt 10 kommunar i Noreg som har passert 50% innbyggarar med digital postkasse. Ser ein på fylka er det Oslo som har den høgaste andelen registrerte postkassar på 50,0 prosent, deretter kjem Akershus med 49,6 prosent.

Sogn og Fjordane er det fylket med lågast andel registrerte postkassar, her har 36,5 prosent av innbyggarane over 15 år oppretta ein digital postkasse.

I Gulen kommune er det pr no 651 digitale postkassar, noko som utgjer 33,5% av befolkninga over 15 år. Dvs. Gulen kommune ligg 6. sist av kommunane i Sogn og Fjordane.

Er du klar for å motta digital post?

Når du opprettar digital postkasse, bidrar du til at det offentlege sparar pengar som kan brukast til å levere betre tenester til deg. Stat og kommune sparer minst 14 kroner i porto for kvart brev dei sender digitalt.

På Noreg.no og Digital borgar, er det enkelt å opprette Digipost eller e-Boks

Ønskjer du å følgje med på utviklinga og statistikkar på dette framover, kan du finne dette på Difi sine sider.