For kvart brev som sendast digitalt, sparar stat og kommune portokostnader som heller kan brukast på andre, samfunnsnyttige tenester. Digital postkasse gjer også innbyggarane moglegheit til å motta og lagre viktig dokumentasjon frå det offentlege på ein stad.

Det er no ca 50 kommunar i Noreg som har passert 50% innbyggarar med digital postkasse.

I Gulen kommune er det 745 digitale postkassar, noko som utgjer 39 % av befolkninga over 15 år. Gulen kommune ligg ca midt på lista av kommunane i Sogn og Fjordane.
tempsnip.png

Er du klar for å motta digital post?

Når du opprettar digital postkasse, bidrar du til at det offentlege sparar pengar som kan brukast til å levere betre tenester til deg. Stat og kommune sparer minst 14 kroner i porto for kvart brev dei sender digitalt.

På Noreg.no og Digital borgar, er det enkelt å opprette Digipost eller e-Boks

Ønskjer du å følgje med på utviklinga og statistikkar på dette framover, kan du finne dette på Difi sine sider.