Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Byggesak

Bustad - oppføring av ny bustad

Skal du bygge bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.

Bygg utan å søke

Frå 1. juli kan du mellom anna sette opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng løyve frå kommunen først. 

Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

Tiltaket må ikkje føre til fare eller ulempe for omgivnadene. Det skal ikkje vere i strid med plan- og bygningslova, arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan.Ver spesielt merksam på at den tillatne utnyttingsgraden og regelen om minst fire meters avstand til nabogrensa ikkje overskridast.

Nytt høgdegrunnlag i kommunen

melding frå kartverket og oppmålingsingeniør i Gulen

Gulen kommune innfører eit nytt høgdegrunnlag NN2000 i kartdataene frå og med 26.05.2015. Kartdata som blir levert av kommunen etter denne dato vil ha andre høgdeverdiar (andre z-koordinatar) enn dei har i dagens NN1954 høgdesystem.

Sjølvbyggjar

Ynskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German