Skadesituasjon og søknad om skadefelling er ofte akutte og skal behandlast som hastesak av viltforvaltninga.

I perioden 1.januar til 15 juni, søkjer grunneigar direkte til kommunen og viltet er kommunen sin eigedom.

I perioden 15.juni til 23.desember skal søknaden gå om valdansvarleg før den blir sendt til kommunen. Fellingsløyve vert då trekt frå valdet sin kvote. Den skriftlege søknaden må sei noko om:

  • Kva det er skade på og i kva omfang
  • Kvar skadestaden er (gnr./bnr.) (innmark m.m.) 
  • Kva førebyggjande tiltak som er sett i verk for å unngå skade

Det bør også opplysast om der har vore skader i tidlegare år, om det har vorte gjort tiltak for å førebyggja nye skader. Dersom søkjar har fått innvilga skadefellingsløyve tidlegare, må det opplysast om dette har hatt nokon effekt.

Ved skade må tolegrensa vurderast i høve til kvar innmarka ligg. Ein må ta med i vurderinga korleis valdet/ grunneigar har utnytta jaktretten tidlegare år. Statistikk fleire år tilbake er viktig å studera. Kva er gjort for å redusera stamma? Er fellingsprosenten 100 %, og kva kjønn og alder er det på dei dyra som er felt?

Dersom det vert gjeve skadefellingsløyve er dette tidsavgrensa, og ofte bør ein bestemma kjønn og alder på dei dyra som skal fellast. Ein spesifiserer talet på dyr. Dersom fellingsløyvet gjeld kolle bør ein ha reglar for dette:

  • Fram til mai månad, altså før kalving kan ein i høve til dyrevernomsyn skyta kolle dersom det er den einaste løysinga.Kalven vil dø samtidig med kolla. Men det er uetisk å skyta drektige dyr, slik at ein helst bør unngå dette.
  • I kalvingstida og fram til at kalven fylgjer mora, skal det ikkje skytast koller. 
  • Frå august månad og utover mot jakttida kan det skytast koller, dersom kalven vert skoten først.

Søkjar må ha teke skyteprøve samme året eller ha godkjent skyteprøve frå forrige år, og ha avtale om godkjent ettersøkshund.


Klikk på lenken for å laste ned dokument:


Søknaden / meldinga skal sendast til:

Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik