Hordaland har i dag 124 godkjende bestandsplanar, nabofylket lenger nord har 134. Arbeidsgrupper, beståande av hjorteinteresserte grunneigarar og jegerar, har i prosjektet føreslege å endre dette til om lag 20 for kvar av regionane. I tillegg vil desse nye bestandsplanområda også omfatte dei områda som i dag står utanfor arbeidet med grunneigarstyrt hjorteforvaltning. Prosjektet vil truleg føre til at alt areal på heile Vestlandet blir forvalta etter grunneigarlaga planar om kort tid. Dette er i tråd med overordna nasjonale strategiar og mål. Arbeidet viser at grunneigarsida både vil og kan, hevdar Aarhus.

Ny kunnskap om hjort og områdebruk kopla med forenklingar i forskriftskrava til samarbeid mellom hjortevalda, gjer til at grunneigarsida no har meir høve enn nokon gong til å få til hjorteforvaltninga seier Aarhus, som jobbar for Utmarksavdelinga felles for Vestskog og Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Til no har vi stort sett samla kunnskap og informasjon, no er tida inne for å bruke kunnskapen hevdar han. Vi kan det vi treng å vite for å betre forvaltninga. Målet i andre enden er etterlengta – ei meir forutsigbar og styrt utvikling av hjortebestandane.

Det har vore hovudutfordringa i mange år. I mange tilfelle er utviklinga tilfeldig. Vi kan t.d. ikkje vente at nokon ønskjer å realisere næringsutvikling, gjera investeringar, på grunnlag av ein ressurs ein ikkje er trygg på utviklinga av, illustrerer Aarhus. Hjorteforvaltninga må bli meir forutsigbar. Tilfeldig bestandsutvikling er utrygt for både jegerar og ikkje minst skadeutsette bønder som kan vera sterkt plaga av store hjortebestandar hevdar Aarhus, og understreker med det behovet for endring.

Merkjeprosjekta har vist at verken kommunegrenser, valdgrenser eller fylkesgrenser er styrande for hjorten, men at dei er til dels veldig styrande for forvaltninga vi har hatt til no. Skal vi få til betre kontroll på hjorteutviklinga må ein forvalta på tvers av dagens administrative inndelingar, og sjå områda hjorten brukar i samanheng. Kunnskapen ligg der. Det er berre å gjera det, hevdar Aarhus framoverlent og optimistisk.

Prosjektet starta i 2013 og vil halde fram til 2017. Prosjektet er finansiert av kommunale, fylkesvise og sentrale viltfond.