Kommunevåpen

Hugs å sjekke om du står i manntalet

Manntalet for Gulen kommune ligg ute til ettersyn ved ekspedisjonen på kommunehuset frå 18. april. Du kan kontakte ekspedisjonen, ved oppmøte eller på tlf 57 78 20 00, dersom du er usikker på om du står oppført i manntalet.

Du skal stå i manntalet dersom du var registrert som busett i kommunen pr 01.01.2016, og har stemmerett ved vanlege kommuneval. I tillegg har kommunen bestemt at alle som fyller 16 år i 2016, dvs fødd i 1999 og 2000, også skal vere med.

Krav om retting må vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til valstyret i Gulen kommune.

Førehandsrøysting

Førehandsrøystinga finn stad ved ekspedisjonsavdelinga i Gulen kommune kvar arbeidsdag mellom
kl 09.00 og 15.00 i tidsrommet 09. til og med 20. mai.
Torsdag 19. mai vert det halde langopent til kl 18.00.

I tillegg til kommunehuset, kan du førehandsrøyste i krinsane og på institusjonar:

Stad Dato Tid
I alle krinsane. Stad vert kunngjort seinare,
på heimesida og ved lokale oppslag
laurdag 07.05 kl. 10.00 - 13:00
Gulen sjukeheim fredag 13.05 kl. 16:00 - 17:00
Alle bu- og omsorgssentra laurdag 14.05 kl. 10:00 - 13:00

Det er ikkje høve til å førehandsrøyste i andre kommunar.

Heimerøysting

Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i Gulen kommune om å få røyste heime eller der du held til.

Søknadsfristen for å få røyste heime er onsdag 18. mai.
Det er ingen formelle krav til innhaldet i søknaden, men det må gå fram av søknaden at veljar er sjuk eller ufør og derfor ikkje er i stand til å førehandsrøyste ein annan stad.

Søknad sendast anten:

Røysting på folkeavrøystingsdagen

Røystetid på valdagen er kl. 10.00–18.00 i alle krinsane.
Du kan røyste i alle røystekrinsane, men helst i den krinsen du er busett.

Her er eit oversyn over røystestadane:

Krins Røystestad
Brekke Risnehall samfunnshus
Byrknes Byrknes skule
Dalsøyra Dalsøyra samfunnshus
Eivindvik Administrasjonsbygget/kommunehuset


Hugs legitimasjon når du skal røyste!