Tema for røystinga er kven av desse 3 alternativa er du mest einig med:

  • Eg vil at Gulen skal halde fram som eigen kommune
  • Eg vil at Gulen skal slå seg saman med Masfjorden
  • Eg vil at Gulen skal slå seg saman med Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy

Kven kan røyste?

For å røyste må du vere oppført i manntalet for Gulen kommune. Manntalet ligg ute til ettersyn ved ekspedisjonen på kommunehuset. Du kan kontakte ekspedisjonen, ved oppmøte eller på tlf 57 78 20 00, dersom du er usikker på om du står oppført i manntalet.

Du skal stå i manntalet dersom du var registrert som busett i kommunen pr 01.01.2016, og har stemmerett ved vanlege kommuneval. I tillegg har kommunen bestemt at alle som fyller 16 år i 2016, dvs fødd i 1999 og 2000, også skal vere med.

Krav om retting må vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til valstyret i Gulen kommune.

Sentral førehandsrøysting

Førehandsrøystinga finn stad ved ekspedisjonsavdelinga i Gulen kommune kvar arbeidsdag mellom
kl 09.00 og 15.00 i tidsrommet 09. til og med 20. mai.
Torsdag 19. mai vert det halde langopent til kl 18.00.

Førehandsrøysting i krinsane laurdag 7. mai

Laurdag 7. mai Stad Tidspunkt
Brekke Skulen kl. 10:00 - 13:00
Byrknes Joker Byrknes kl. 10:00 - 13:00
Dalsøyra Vidsyn kl. 10:00 - 13:00
Eivindvik Spar Eivindvik kl. 10:00 - 13:00

 

Førehandsrøysting ved bu- og omsorgssentra laurdag 14. mai

Laurdag 14. mai 2016 Tidspunkt
Brekke bu- og omsorgssenter kl. 10:00 - 13:00
Byrknes bu- og omsorgssenter kl. 10:00 - 13:00
Dalsøyra  bu- og omsorgssenter kl. 10:00 - 13:00
Eivindvik bu- og omsorgssenter kl. 10:00 - 13:00

 

Røystestadar måndag 23. mai

Måndag 23. mai Stad Tidspunkt
Brekke Risnehall kl. 10:00 - 18:00
Byrknes Skulen kl. 10:00 - 18:00
Dalsøyra Samfunnshuset - matsalen kl. 10:00 - 18:00
Eivindvik Kommunehuset - rådsalen kl. 10:00 - 18:00

 

Hugs legitimasjon når du skal røyste!