Ynskjer du å få installert fiber hjå deg?
Til no har Telenor seld 647 nye fiberabonnement i Gulen, og nye interessentar er velkomne.

  • Privatpersonar innafor utbyggingsområdet som ynskjer å nytte tilbodet kan kontakte Stefan McDowell, epost: stefan@n2g.no, mobilnr. 486 00 668. Digital tinging for private via ei webside vil verte lagt opp til om eit par veker.
  • Bedrifter innafor utbyggingsområdet som ynskjer å tinge kan sende epost til: fibertilbedriftenmin@telenor.com, og få eit tilbod tilbake på epost.

Telenor legg fiberkabel til tomtegrense. Der det er luftstrekk frå før vert fiberleidning lagt fram på same måte, utan eigeninnsats frå kunde. Om telefonleidningen ligg i bakken må kunden sjølv syte for framføring av fiberkabel til husveggen. Rør vert utlevert på førehand og må gravast ned til avtalt tid.

Kart over utbyggingsområda:

fiberutbygging1.JPGfiberutbygging2.JPG(Henta frå Infoposten 06/18)