Offisiell opning av dagsturhytta Gulakvila

Vi ynskjer hjarteleg velkommen til offisiell opning av dagsturhytta Gulakvila fredag 18 oktober.
Vi startar med felles tur frå kommunehuset i Eivindvik og opp til Gulakvila, avgang klokka 10:30.
Opningsseremonien finn stad kl 11:30.
Det blir taler, musikk-innslag, overraskingar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, natursti, og litt å bite i.
1.-4.klasse ved alle skulane i Gulen, og heile Eivindvik skule og barnehage blir spesielt invitert, elles er arrangementet opent for alle som har lyst å vere med.
Vi håpar på eit yrande folkeliv i skogen denne dagen, hjarteleg velkommen!
Ved spørsmål, ta kontakt med kulturkonsulent Vivian Våge på tlf: 57 78 20 66 eller mail: vivian.vage@gulen.kommune.no

Arrangør: VIVIAN VÅGE
: Gulakvila dagsturhytte Eivindvik
Tid: fredag 18. oktober 10:30
Kultur