Beate Bjerkestrand , vår kommunale fysioterapeut , har vore på Dalsøyra og Eidsbotn og vist enkle treningsprogram som ein kan bruke både ute og inne. Beate tar snart turen til Brekke og Eivindvik.

«Aktiv på Dagtid» er for alle aldersgrupper. Det kan vere ulike grunnar til ein er heime på dagtid. Ein kan vere pensjonist , ufør, friperiode, rehabilitering m.m. Alle er velkommen til ein dag med fysisk aktivitet og sosialt samvær. I desse koronatider er det viktig vi alle tar ansvar og fylgjer smittevernreglane, i tillegg er det viktig at vi tek vare på oss sjølv og vår fysiske og mentale helse.

Kle på deg etter veret og bli med våre turleiarar på tur 😊 Tusen takk til Miek, Inger- Marie, Magny, Turid og Berit som tek på seg jobben som frivillig!
 

Vi manglar eit tilsvarande tilbod i ytre del av Gulen. Ta gjerne kontakt med Gulen frivilligsentral om du vil bli turleiar😊