HeimNyheiterMiljølaurdag med bagasjeromsal

Miljølaurdag med bagasjeromsal

NGIR ønsker også å oppmode til meir gjenbruk. De ser at alt for mykje som er i orden blir kasta. Å gjenbruke meir og kaste mindre, er ein viktig del av eit meir berekraftig samfunn. Vi håpar dokker blir med.

Tid: Laurdag 21.september kl.11.00 – 15.00
Stad: Prestekaia i Eivindvik, Eivindvikvegen 1118, 5966 Eivindvik

Det blir;

  • Gjenbruksmarknad med sal frå bilar
  • Ope bibliotek – biblioteket ryddar og har eige bruktsal 11-15
  • 10-klasse sel kaffi og kake til inntekt for klassetur
  • Fiksekafé – ta med klede og tekstilar som treng småfiksing

Hugs å ta med handlenett eller ryggsekk om du skal handle.

Ynskjer du å selje?

Kven kan selje: Arrangementet er i hovudsak for private, men også verksemder som ønske å rydde og selje gjenbruk kan delta. Hovudfokuset er gjenbruk og miljø, men du kan også selje til dømes lokalproduserte produkt .

Korleis: Rydd i heimen og sel det du ikkje treng frå bagasjerommet på bilen. Det du ikkje treng kan vere gull for andre. Du kan stille med personbil eller ein liten varebil. Ta gjerne med eit bord, kasser eller klesstativ som kan setjast foran bagasjerommet. Ein presenning kan også leggjast under ting på bakken. Alle må rydde etter seg og ta med sitt eige boss når arrangementet sluttar.

Kva: Det meste kan seljast. Tekstil, bøker, småmøblar, leikar, sportsutstyr, hageutstyr, dippeduttar, kjøkkenutstyr, bildelar, handarbeid, verktøy, hattar, spel, lampa, bilete med meir.

Påmelding: Send e-post med namn, type bil (personbil eller varebil) og kva du vil selje til nini.heggernes@gulen.kommune.no 
Det er gratis å delta på arrangementet.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Nini Hæggernes på
e-post; nini.heggernes@gulen.kommune.no 

 Grønare kvardag

Arrangementet er ein del av Gulen kommune sitt pilotprosjekt Grønare kvardag. Her finn du mykje innformasjon og tips til ein meir miljø- og klimavennleg kvardag.


Sist oppdatert: 04.09.2024
Publisert: 04.09.2024