HeimNyheiterStraumstøtte til fritidsbustadar

Straumstøtte til fritidsbustadar

Ein av årsakane til at kommunen får mange førespurnadar er rettleiingsteksten på NVE sine sider om straumstøtte, der det også står at straumstøtte kan innvilgast for fritidsbustadar dersom kommunen har gitt dispensasjon til å bu fast i fritidsbustaden. Dette er ei misvisande formulering som gir eit veldig forenkla og uriktig bilete av kva lova krev for å få ein fritidsbustad endra til heilårsbustad. Gulen kommune rettar seg etter plan- og bygningslova i desse sakene. Norsk kommunalteknisk foreining har kome med framlegg til ny, meir presis rettleiingstekst til NVE vedkomande straumstøtte til fritidsbustadar:

Kan ein få straumstøtte for fritidsbustad?

Nei. Ordninga gjeld for hushaldningar, ikkje fritidsbustadar. Ved tvil skal ein legge til grunn informasjon frå matrikkelen.

For å få straumstøtte til fritidsbustaden må ein søkje kommunen om løyve til bruksendring til heilårsbustad etter plan- og bygningslova. For å søke om bruksendring må ein normalt ha bistand av fagkyndige som kan godkjennast for ansvarsrett og som kan stå for søknad og prosjektering. Bustaden må vurderast for å sikre at bygget tilfredsstiller tekniske krav. Det er eigne og enklare tekniske krav for fritidsbustad enn bustad. Ved bruksendring til heilårsbustad kjem dagens krav for heilårsbustad i gjeldande teknisk forskrift (TEK17) til bruk. Andre forhold som skal vurderast ved bruksendring til heilårsbustad er renovasjonsløysing, tilkomst, parkering, vatn og avløp, etc. Ei bruksendring kan også vere avhengig av dispensasjon. Dette kjem an på gjeldande plan for arealet der bygget er oppført. Dersom fritidsbustaden til dømes ligg i eit område som er avsett til fritidsbebyggelse i reguleringsplan, må ein søke om dispensasjon frå arealføremålet.

Det er ikkje gitt at ein vil få ein slik dispensasjon. Det krev ei heilskapleg vurdering av gjeldande arealbruk, samt konsekvensane det vil få å innvilge dispensasjonen.

Det er gebyr både for å søkje om bruksendring og dispensasjon.

 


Sist oppdatert: 06.09.2022
Publisert: 06.09.2022