HeimNyheiterTilskot til veglys

Tilskot til veglys

Kommunestyret har også bestemt at for året 2021 skal det i tillegg til vanleg driftstilskot delast ut kr 500 000 til ekstra satsing i samband med at LED lysteknologien krev utskifting av armatur.
Fordeling av LED-lysmidlar vil skje etter same fordelingsnøkkel som vanleg driftstilskot.

Kriterium for tilskot er som fylgjer:

    • Drifta er organisert i eit eige lag, med eit ansvarleg styre
    • Laget fører rekneskap og skriv årsmelding
    • Laget driftar 10 lyspunkt eller meir
    • Som del av årsmelding/rekneskap ved årsslutt 2021 må laget særskilt dokumentere at laget sin tildelte sum til LED-lyssatsinga er nytta til føremålet.

Kommunen kan evt krevje manglande bruk av LED-lysmidlar tilbakebetalt.

Det er utarbeidd eit obligatorisk søknadsskjema som må sendast inn saman med eventuelle vedlegg.

Me ber om at dei laga som allereie har sendt inn søknad, ettersendar dette søknadsskjemaet innan søknadsfristen. Søknadar som kjem inn utan dette skjemaet vil ikkje bli godkjend!

Send inn søknad og legg ved siste års rekneskap og årsmelding samt andre vedlegg til: postmottak@gulen.kommune.no innan søknadsfristen 1.juli 2021.


Sist oppdatert: 09.06.2021
Publisert: 09.06.2021