Kunnskapsprøven - alkohollova
Styrarar og avløysarar for sal- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du står til kunnskapsprøven.
Alkoholsal
Alle som driv føretak med sal av alkoholhaldig drikk eller driv serveringsverksemd treng løyve. Desse løyva vert gitt for 4 år i gongen, og følger kommunestyre sin periode.
Styrarar og avløysarar for sal- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du står til kunnskapsprøven.
Ynskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Personar eller verksemder som ynskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen.
Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen.