Barnehage
Barnehagedrift
Frå 1. januar
Antal dagar pr. veke |
Foreldrebetaling pr. mnd. |
|
5 | Eldste barn | kr 2 990,00 |
4 | Eldste barn | kr 2392,00 |
3 | Eldste barn | kr 1794,00 |
2 | Eldste barn | kr 1 196,00 |
Frå 1. august
Antal dagar pr. veke |
Foreldrebetaling pr. mnd. |
|
5 | Eldste barn | kr 3040,00 |
4 | Eldste barn | kr 2432,00 |
3 | Eldste barn | kr 1824,00 |
2 | Eldste barn | kr 1216,00 |
Brukarbetaling; vert kravd inn 11 månadar pr. år. Juli er betalingsfri månad for alle, uavhengig av kva tid barna har ferie.
Søskenmoderasjon; er 30 % for barn nr. 2, og 50 % for barn nr. 3 og vidare.
Kjøp av tilfeldige dagar: | Kr 290 pr. dag |
Matpengar: Heil plass | Kr 200 pr. mnd |
Matpengar: Delt plass | Kr 40 i reduksjon pr. fridag i veka |
Redusert foreldrebetaling for barnehageåret 2019/2020:
Maksimalt foreldrebetaling for 2019 er kr 33 140 pr. barn. Dette skal maksimalt utgjere 6 % av husstanden si årsinntekt. Husstandar som har ei årsinntekt lågare enn 552 300 kroner kan difor søkje kommunen om redusert foreldrebetaling for barnehageåret 2019/2020. Månadsbetalinga vert sett til 6 % av dokumentert årsinntekt i sjølvmeldinga for 2018. Søskenmoderasjon vert rekna med utgangspunkt i månadsbetaling for 1. barn. Søknadsfrist er 1. juni. Ein kan søkje om redusert foreldrebetaling i løpet av barnehageåret, men då vil dei nye satsane gjeld frå månaden etter at vedtaket er gjort.
Gratis kjernetid:
2-5-åringar og barn med utsett skulestart i husstandar som har lågare årsinntekt enn grenseverdien fastsett i statsbudsjettet for 2019, har etter søknad rett til 20 timars gratis kjernetid i barnehagen. Sjølvmeldinga for 2018 gjeld som dokumentasjon.
SFO - Skulefritidsordning
Det må vere minimum 4 søkjerar for at kvart tilbod vert opna.
Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månadar pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.
Måndag - Fredag før skuletid : | 07.30 - 09.00 |
Måndag - Fredag etter skuletid: | 14.30 - 16.00 |
Onsdagar når elevane ikkje er på skulen: | 07.30 - 16.00 |
Heil plass (meir enn 8,5 t kvar veke) | Kr 2200,- pr. mnd. |
Halv plass. (2,5 - 8 t. kvar veke) | Kr 1100,- pr. mnd. |
Til og med 2.t. kvar veke. | Kr 450,- pr. mnd. |
SFO-tilbod i meir enn 10 dagar i skuleferiar/elevfrie dagar: |
Kr 3 500,- |
SFO-tilbod inntil 10 dagar i skuleferiar/elevfrie dagar: |
Kr 2 500,- |
Kjøp av enkeltdagar: | Kr 290,- pr. dag |
Kjøp av tilfeldige timar: | Kr 85,- pr. time |
Matpengar heil plass: | Kr 80,- pr.mnd. |
Kjøp av enkeltmåltid | Kr 20,- pr. måltid |
NB. Meir ein 12 dg. i skuleferiar/ elevfrie dagar | Kr 3640,- |
NB. Tilbod inntil 12 dg. Skuleferiar/ elevfrie dagar. | Kr 2680,- |
Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månadar pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.
Søskenmoderasjon vert gitt der fleire søsken har heil plass, eller der barn med heil plass har søsken med barnehageplass. Moderasjonen er 30 % for barn nr. 2, 50 % for barn nr. 3 og vidare Når foreldrene har barn i barnehage og SFO, skal utrekning av søskenmoderasjonen ta utgangspunkt i at barnehagebarna kjem før SFO-barna ved fastsetjing av rekkefølgja.