Kanskje tilbodet er tilgjengeleg for deg? Sjekk dekningskarta på leverandørane sine heimesider og ta kontakt med leverandørane om du er interessert i raskare breibandsfart.

Gulen kommune ynskjer å vere oppdatert på område som ikkje har dekning. Vi ynskjer tilbakemelding på område med dårleg dekning til postmottak@gulen.kommune.no, og kva undersøkingar som er gjort hos leverandørane.