Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.
Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.
På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merke seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • De må sende den originale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik. Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten i ekspedisjonen vår på kommunehuset i Eivindvik.

Slik bestiller du tid

Når vi har fått den gyldige prøvingsattesten, kan de avtale tid for vigsel med oss.

Ønska tid sender de på e-post til postmottak@gulen.kommune.no

  • Sett opp alternative datoar, i tilfelle vi ikkje klarar å møte førstevalet.
  • Vi sender deg eit samtykkebrev når tida for vigsel er bestilt.

Kvar og når skjer seremonien?

Vi har vigslar i formannskapssalen på kommunehuset i Eivindvik eller i den gamle heradssalen like ved.
I tillegg er vi opne for å vurdere vigsel andre stadar.

Kva kostar det?

Kommunen sitt alminnelege vigselstilbod er gratis for kommunen sine innbyggarar og for personar som ikkje er busett i Norge. Dersom vigsla skjer på
andre stadar enn kommunehuset eller til andre tider kan kommunen i så tilfelle kreve å få dekka meirkostnader ved dette.

Kven står for vigselen?

Våre godkjente vigslarar er:

  • Ordførar Hallvard Oppedal
  • Varaordførar Odd Harald Eide