Det er stramme økonomiske rammer knytt til drift og vedlikehald av kommunale vegar og sommaraktiviteten er avhengig av ressursbruken i vinterhalvåret.

 
Med bakgrunn i dette prioriterast følgjande tiltak:
  • Sikring/utbetring av trafikkfarlege hol i asfaltdekket
  • Vegreinhald og støvdemping av grusvegar
  • Utbetring av større overvatnproblem
  • Utbetring av vegskilt
  • Asfaltreperasjonar etter graving på kommunale vegar
Ut frå løpande vurdering av økonomien vil det også i nokon grad gjennomførast tiltak som:
  • Siktutbetring i veg kryss
  • Kantslått langs kommunale vegar
  • Utbetring og/eller montering av rekkverk på farlege strekningar (bruer)
Når skader og trafikkfarlege vegelement er gjort kjent for oss eller kommunen har avdekka slike skader, skal skaden innan rimeleg tid og så raskt som mogleg rettast opp.
 
Reasfaltering og utbetring av grusvegar gjennomførast om det er økonomisk forsvarleg med tanke på den økonomien eininga til ei kvar tid har tilgjengeleg.
 
Beslekta tenester:
  • Brøyting av kommunale vegar / Brøyteinstruks
  • Avkjørsel - privat avkjørsel frå offentleg veg
  • Bygge- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjonar


Kva forventar vi av brukar:

  • At brukar fjernar all vegetasjon på eigen grunn/eigedom som heng ut i kjørebane eller fortau/gangbane og som dermed er farleg for trafikktryggleiken eller til hinder for trafikantane.
  • At brukar gir beskjed til kommunen ved vesentlege avvik eller når trafikkfarlege forhold på kommunale vegar oppdagast.
  • Brukarar må halde vegen fri etter dei retningslinjer kommunen gir, ikkje skade offentleg veg eller fjerne innretningar som høyrer vegen til. Det må heller ikkje lagrast ting i vegområdet eller langs vegen innanfor byggegrensefeltet.

Andre opplysningar:

Kommunen har ca 120 km kommunal veg.

Vintervedlikehald
Når det gjeld snøbrøyting har kommunen avtale med 12 brøytekontraktørar som er sjølvstendig næringsdrivande.
 
Brøyting vert utført når det er 8 -15 cm snø.
 
Strøing på kommunale vegar prioriterast på bratte vegstrekningar.
Huks, etter vegtrafikklova skal du ta omsyn til vegens beskaffenheit (sko deg etter forholda).
 
Dersom ein veg ikkje vert brøytt, og dette fører til risiko for dei vegfarande, pliktar kommunen fysisk å stenge vegen. Det er kommunen v/formannskapet som er vegstyresmakt for kommunale vegar, sjå saksnr.: 01/01189.
 
Sommarvedlikehald
Det må påreknast problem med holete vegstrekningar og støvplager delar av sommarhalvåret.

Skader på kjøretøy
Skader på kjøretøy og personar som du meinar kan skuldast forhold ved vegen, vil normalt ikkje verte erstatta av kommunen. Kommunen vert imidlertidig erstatningspliktig dersom vi har opptredt uaktsamt. Kommunen må vere kjend med situasjonen, den må ligge utanfor det trafikkanten kan forvente, vegen er ikkje utbetra/avstengd innan rimeleg tid og trafikkanten har vist vanleg aktsomheit.