På denne sida vil du finna mykje av det du treng å vite som huseigar eller leigetakar i Gulen kommune.
Alle undertema finn du i tenestemenyen til venstre.

Sakshandsamarane på Plan, landbruk og teknisk avdeling hjelper deg gjerne dersom du har behov for det. For at du skal få best mogleg hjelp i saka di, og for å sikre at det er ein sakshandsamar på huset med riktig kompetanse når du kjem, ber me om at du tek kontakt og avtalar time på førehand. Då kan me yte best mogleg service, og du slepp å møte stengt dør når du kjem.

 

Faste telefontider på byggjesaksavdelinga

Det vil berre vere mogleg å nå sakshandsamar innanfor telefontida, med atterhald om møteverksemd som kan verte planlagt i dette tidsrommet. Dei nye telefontidene vert måndag mellom kl 12 og kl 15 og onsdag og fredag mellom kl 10 og kl 13. Tysdag og torsdag er telefonen stengd.

Stor saksmengd, lengre behandlingstid

Byggjesaksavdelinga har for tida svært stor saksmengd, og sakene tek dessverre lenger tid enn normalt. Vi beklagar ulempene dette medfører. Vi ser svært gjerne at ein sender oss e-post i staden for å ringje. Vi besvarar e-postar så fort vi kan.