Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.
Trykk her for meir informasjon. 

Korleis søkjer ein bustønad?

Trykk her for informasjon om korleis du kan søkje om bustønad.

Dersom du ynskjer å nytte søknadsskjema på papir må du sende søknaden til:
Gulen kommune 
Eivindvikvegen 1119 
5966 Eivindvik

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå dersom det er endring i opplysningane du har oppgitt i søknaden: 

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
  • endra kontonummer 
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnaden endrer seg
  • dersom ein i huslyden blir student
  • nye barn i gusstanden/familien
  • nokon begynne eller avsluttar militær fyrstegongsteneste

Trykk her for å melde i frå om endring...

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket.
Trykk her for informasjon om saksgang for klage.