Kven kan søkje om delingsløyve?

Matrikkellova § 9 fastsett kven som kan krevja deling.
Klikk her for meir informasjon...

KVA SKAL DELINGSSØKNADEN INNEHALDE?

1. Søknadsskjema

Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning må fyllast ut korrekt og underskrivast. Søknaden må vera underskriven av ein person som oppfyller lovkrava, jf. ovanfor.
Klikk her for søknadsskjema...

2. Situasjonskart

Situasjonskart med innteikna forslag til grense og andre opplysninga som er relevante for vurdering av søknaden. Kontakt kommunen for situasjonskart.

3. Nabovarsel

Nabovarselskjema skal sendast til naboar som på eitt punkt, eller over eit lengre strekk har felles grense med parsellen som skal frådelast. Nabovarsel skal og sendast til gjenbuarar, dvs. dei som har ein eigedom vis a vis den omsøkte eigedomen men ikkje har felles grenselinje, og evt. andre rettigheitshavarar. Nabovarsel skal sendast uavhengig om eigedomen er bygd på eller ikkje.

I tillegg til nabovarselskjema må varslet minst innehalde eit situasjonskart. Andre opplysninger som kan ha noko å seie for naboar, gjenbuarar og rettigheitshavarar skal og leggjast ved.

Det skal gå fram av nabovarselet at merknad frå naboar eller andre må sendast kommunen innan to veker etter at nabovarsel er motteke.
Klikk her for meir informasjon...

Klikk her for skjema for nabovarsel...
Klikk her for skjema for gjenpart av nabovarsel...

Klikk her for meir informasjon om søknadssprosessen...

SAKSGANG OG HANDSAMINGSTID

Når søknaden er registrert i kommunen, føretek vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar i saka, orienterer vi om dette. Treng søknaden handsaming/uttale frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for dette. Gjeldande arealplanar i området legg viktige føringar for om eigedomen kan delast eller ikkje. Søknad om deling vert handsama etter Plan- og bygningslova
§§ 20-1m og 21-4.

Lovpålagt handsamingstid for delingsvedtak er 12 veker (fristen gjeld ikkje i tilfelle der det blir søkt om dispensasjon, eller tiltaket er komplisert). Dersom søknaden ikkje vert handsama av kommunen innan fristen, vil du få redusert gebyr. Sakshandsamingstida vert rekna frå den dato søknaden er fullstendig dokumentert. Vi prøver å handsame sakene så snart som råd, og i den rekkjefylgje dei kjem inn.

Om det vert søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden òg handsamast av landbruksmyndigheitene i samsvar med Jordlova § 12

VEDTAK OG KLAGEADGANG

Vedtak vert fatta med heimel i plan- og bygningsloven (og evt jordlova) og stilast til søkjaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. Løyve til tiltaket fell vekk dersom det ikkje er rekvirert oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering innan 3 år etter at løyve vart gjeve, eller dersom matrikkelføring vil vere i strid med lov om eigedomsregistrering, jfr. plan- og bygningslova § 21-9.

Vedtak fatta av Gulen kommune kan klagast på til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, jf. forvaltningslova § 28 og plan- og bygningslova § 1-9. Klagefrist er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova § 29.
Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men sendast til Gulen kommune.

Partar i saka har rett til å gjere seg kjent med dokument i saka, jf. forvaltningslova §§ 18 og 19.

OPPMÅLINGSFORRETNING

Kommunen har frist på 16 veker til å gjennomføre frådeling etter at vedtak er fatta. Når delingssamtykke er gjeve og eventuelle vilkår for delinga er oppfylt, skal det avhaldast oppmålingsforretning der grensene vert påviste, godkjende og merka. Heimelshavar og eigarane til tilgrensande eigedomar får skriftlig varsel minst 2 veker før oppmålingsforretninga finn stad. Det skal førast protokoll der det går fram kven som møtte, om det var semje/usemje i påviste grenser og eventuelle andre forhold som kom opp under oppmålingsforretninga.

Etter oppmålingsforretninga skal den nye eigedomen (ny matrikkeleining) førast inn i matrikkelen og oversendast Statens kartverk for tinglysing saman med eventuelle naudsynte fråsegner. Når den nye eigedomen (matrikkeleininga) er tinglyst, skal kommunen utarbeide eit matrikkelbrev som skal sendast den som har rekvirert frådelinga.

GEBYR

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...