Rett til å gi samtykke

Dersom kommunen skal kunne nytte personopplysningar om einskildpersonar, må minst ein av desse føresetnadane vere til stades :

  • Det kan liggje føre eit rettsleg grunnlag. Det vil seie at den aktuelle bruken av personopplysningar er heimla i lov og skildra der.
  • Det kan liggje føre ein situasjon der det er underforstått at ein må nytte personopplysningar. Døme på dette kan vere legebesøk, der ein legg til grunn at vedkomande skjønar og aksepterer at legen brukar og lagrar personleg informasjon.

Ut over dette skal all bruk av personinformasjon vere basert på at det er gitt samtykke.
Men då er det viktig at den som samtykkjer, veit kva det gitt samtykke til. Det er dette som vert kalla informert samtykke. Som eit minimum bør den som skal gi samtykke, få vite

  • kven som er ansvarleg for forvaltninga av informasjonen,
  • kva informasjonen skal nyttast til,
  • korleis informasjonen vert nytta,
  • kven som får del i informasjonen,
  • korleis og kor lenge informasjonen vert lagra.

Eit samtykke skal vere frivillig og uttrykkeleg.

At samtykket skal vere frivillig, betyr at den som blir beden om å gi sitt samtykke, er innforstått med og aksepterer kva som ligg i å seie "ja", og er merksam på moglege konsekvensar av å seie "nei".
At samtykket skal vere uttrykkeleg, betyr at den som samtykkjer må foreta ei aktiv handling for å gi samtykke. Døme på ei slik aktiv handling kan vere å krysse av i ein rubrikk på eit skjema.
Det er den som forvaltar personinformasjonen som er ansvarleg for at det ligg føre eit gyldig samtykke, og at dette samtykket er dokumentert.
Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar knytt til samtykke. Linken nedunder tek deg dit.

Trykk her for informasjon frå Datatilsynet om samtykke...

Rett til innsyn

Som privatperson har du lovfesta rett til å få vite kva informasjon kommunen måtte ha om deg som individ. Kommunen har plikt til å gi deg innsyn i dette innan 30 dagar. Innsynet skal omfatte minimum desse opplysningane :

  • Kva informasjon kommunen har.
  • Føremål og heimel for bruk av informasjonen.
  • Rutinar for lagring og sletting.
  • Kven kommunen kan dele informasjonen med.
  • Kven som er forvaltningsansvarleg for denne informasjonen i kommunen.

I utgangspunktet kan kommunen forvalte store mengder med personinformasjon om ein person. Det er likevel ikkje sikkert at kommunen har så mykje informasjon om deg – det kjem mellom anna an på i kva grad du er brukar av kommunale tenester.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om din rett til innsyn. Linken nedunder tek deg dit.

Trykk her for informasjon frå Datatilsynet om innsynsrett...
 

Rett til å protestere

Nokre gongar kan personopplysningar om deg verte handsama utan at du har gitt ditt samtykke til det. I ein del høve kan du protestere på dette. Ein slik protest fører med seg at kommunen ikkje lenger kan nytte personopplysningane.

Med mindre personopplysningane vert nytta til andre føremål som du ikkje kan motsetje deg, eller som du har gitt samtykke til, skal desse opplysningane slettast.

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om din rett til å protestere. Linken nedunder tek deg dit.

Trykk her for informasjon frå Datatilsynet om rett til å protestere...

Rettar ved automatiserte avgjerder

Digitalisert sakshandsaming kan opne for at avgjerder vert tekne automatisk på grunnlag av informasjon kommunen alt har om den einskilde. Dersom desse avgjerdene vert tekne

  • utan at eit menneske har reell innverknad på dei, eller
  • dei har rettsverknad eller annan tilsvarande stor innverknad på deg

er slik handsaming forboden.

Ein skal merke seg at dette forbodet kun gjeld store og viktige avgjerder. 

Datatilsynet har laga detaljert informasjon om dine rettar ved automatiserte avgjerder. Linken nedunder tek deg dit.

Trykk her for informasjon frå Datatilsynet om automatiske avgjerder...