dinutvei.no er ein nasjonal nettportal der ein finn oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du og informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Nettportalen gjev oversikt og informasjon til dei som er utsette for vold, overgrep og voldtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vold og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å forebygge vold i nære relasjonar.

dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentre om vold og traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet.