- Det kan etter søknad gjevast etableringstilskot til byggjing, kjøp og/eller restaurering av bustadhus i Gulen kommune. Dersom bustadhuset inneheld utleige-eining i tillegg til hovudbustad, kan det gjevast eit tilleggstilskot.
- For å få tildelt tilskot, må søkjaren vere under 45 år den dagen ferdigattest/ godkjenning ligg føre, eller kjøpekontrakt er tinglyst.
- Etableringstilskotet skal ikkje utgjere meir enn 10 % av byggekostnadane, og ikkje meir enn maksimalsatsen som kommunestyret har sett for budsjettåret. Ved endringar i tilskotssatsane er det utbetalingstidspunktet og ikkje tilsegnstidspunktet som er avgjerande for utmålinga av tilskotet.
- Det er eit krav for utbetaling av etableringstilskot at:
· søkjaren er eigar av eigedommen (grunnboksheimel e.l.), og at
· han har fast bupel i det (attest frå folkeregisteret).
Formannskapet kan i særskilte høve fråvike desse vilkåra.
- Ved sal og/eller utflytting av bustaden før 1 år, kan kommunen krevje å få attendebetalt tilskotet i høve til den tida som er gått etter innflytting.
- Rådmannen får delegert mynde til å gjere vedtak om tilskot. Klager skal avgjerast i
kommunen si klagenemnd.
- Godkjent etableringstilskot vert utbetalt når ferdigattest/mellombels bruksløyve ligg føre, ev. når restaureringskostnadene er dokumentert.
- Tilskot vert ikkje tildelt personar som tidlegare har fått slikt tilskot som eigar, deleigar eller sambuar med tilskotsmottakar.
- Det vert teke generelt atterhald om endringar i reglementet.
Satsar per 2019
Maksimalsats for tilskot: kr 40 000,-
Tillegg for utleigeeining: kr 20 000,-
Søknad sendast til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
eller på e-post til: postmottak@gulen.kommune.no
Søknad om utbetaling må innehalde dokumentasjon på kjøp/kjøpssum eller byggjeløyve/byggjekostnader i tillegg til dokumentasjon som under punkt 4. Tilskot til utleigeeining må dokumenterast med godkjenning etter plan- og bygningslova.