Det hadde då vore betalingsstopp i ein månad, og difor vart ingen fakturerte i april. For mai vil dei fleste få redusert faktura på grunn av at barnehage og SFO ikkje var tilgjengeleg for alle. For barnehagen var det 4 dagar i veke 16. Trekket er størst for dei som ikkje hadde tilbod. Dei som hadde tilbod i veke 16 får ikkje trekk for dei dagane barnet var i barnehagen. Det er i snitt 22 barnehagedagar i ein månad og trekket for dei som ikkje hadde tilbod vert då 4/22 av det ein normalt betalar.

Alle fekk SFO tilbod frå måndag 27.april. Vi har då trekt frå det tilbodet foreldre ikkje fekk i veke 16 og 17. Vi har teke utgangspunkt i at i ein normalmånad har SFO ca 95 timar opningstid og dei som ikkje hadde tilbod desse vekene, får då eit trekk på 40,5/95 av normal betaling.