For å utarbeide plan for feiing og tilsyn av fritidsbustadar, treng me informasjon om fritidsbustaden din. Har du fleire bustadar må det sendast inn registrering for kvart bygg.

Registreringsskjema finn du her:

https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5153&externalId=1266

SVARFRIST: 1. juli 2019.

Har du ikkje tilgang til registrering via lenka kan du ta kontakt med Gulen kommune på telefon 57782000.

Det er Masfjorden kommune som administrerer tenesta, så innsendt informasjon vil verte lagra i deira arkivsystem.

Betalingssatsar

Feiartenesta vert finansierast etter sjølvkostprinsippet. For 2019 er betalingssatsen for feiing per år følgjande:

Feiing ei pipe: 586,85 kr.
Feiing to piper: 768,35 kr.

Faktura for kommunale tenester vert sendt ut kvart kvartal, og feieavgifta vert lagt til denne fakturaen frå hausten av. Det er også planlagt oppstart av tilsyn og feiing frå hausten. Nærare melding om dette vert sendt ut av feiar når det nærmar seg. 

Gebyrfritak

Vedteken forskrift seier at det skal vere gebyr for alle bustad/bygg som har ein eller fleire fast tilknytt eldstader, uavhengig av regelmessig bruk eller ikkje. Kommunen kan etter søknad gi fritak frå å betale gebyr i følgjande tilfelle:

1. Bustaden har ikkje installert eldstad

2. Fyringsanlegget er fråkopla, og skorsteinen er blenda.

Før fritak vert gjeven, skal feiar ha ført tilsyn med at fråkoplinga av fyringsanlegg og blending av skorstein er utført tilfredsstillande. I visse tilfeller kan det vere tilstrekkeleg at søkar sender inn dokumentasjon eller bileter som syner at fritidsbustaden ikkje har installert eldstad. 

Meir informasjon om kommunen si feieteneste finn du her.