Vi gjer merksam på desse forboda: 

  • Maksimalt fem personar på private samkomer utanfor eigen heim, til dømes bursdag i leigd lokale. Dersom ein er fleire enn fem personar i husstanden kan alle i husstanden delta.
  • Maksimalt ti personar på alle innandørs aktivitetar. Det er gjort unntak for begravelsar, der ein kan vere opp mot 50 personar.
  • Nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstadar og arrangement.

Kommunen vil i tillegg følgje nasjonale tilrådingar, og oppmodar alle innbyggjarane om å gjere det same.
Vi framhevar desse punkta:

  • Unngå å ha gjestar heime. Vent 14 dagar med private besøk.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar og arrangement innandørs vert utsatt til etter 18. januar.
  • Unngå alle unødvendig reise i inn- og utland.
  • Meir bruk av heimekontor.
  • Kommunen opprettheld gjeldande besøksrutinar ved sjukeheimen, sjølv om vi oppmodar til færrast mogleg besøk dei neste 14 dagane.