Foreningsportalen via InVi er ei løysing som hjelper oss å halde oversikt over alle kontaktepersonar, og alle aktivitetar som skjer i kommunen. Vi skal registrere inn all informasjon og all aktivitet som skjer i regi av laget, og informasjonen vil bli tilgjengelig via denne nettsida.

Nettsida kan samaliknast med finn.no

Får du lyst å starte med ein aktivtet, så søkjer ein på aktiviteten og får opp alle alternativa som finnast. Der finn du resten av nødvendig info for å komme i gang.

Aktivitetskalender er ei av oversiktene på sida, det er kanskje den viktigaste oversikta for folk flest. Der kan ein sjå alle aktivitetar som skjer heile tida. Vil barnet på fotballtrening så finn du oversikt over kvar og kortid treninga startar.

For oss som samarbeider med alle lag og treng kontaktopplysningar kan vi sende ut epostar og sms via løysinga. Årleg sender vi link for oppdatering av kontaktinformasjon slik at infoen blir oppdatert etter kvart val. Dette er den største utfordringa for kommunen når vi skal nå dykk, leiar er bytta ut. Her kan ein lett redigere info og neste melding går til riktig vedkommande.

Når vi er kommen i gang med registrering og får sida opp å gå inviterer vi alle lag og organisasjonar til eit møte for informasjon. Det blir dykkar side der de kan dele informasjon ut til publikum dersom de vil det.

Frivilligsentralen tek kostnaden med abbonementet. Vi håpar dette skal bli ei god oversikt for alle, og ei ok plattform å jobbe på for å promotere laget og aktivitet. Vi er i eit prosjekt med Fjaler, Solund og Askvoll kommune der vi har jobba fram ei løysing for å få oversikt over ting som skjer. Alle kommunane startar no med denne løysinga. På sikt vil feks ungdom som flyttar vekk på skule kjenne systemet og finne tilsvarande side med informasjon for sin nye heimstad/studiestad og dermed er det lett for dei å komme i gang med aktivitetar når dei flyttar vekk.

Vi har fantastisk mange tilbud i Gulen, nokre finnast fleire stader, nokre må ein samle seg om. Vi vil gjere informasjonen godt tilgjengelig så alle veit om og kan delta der det skjer.

I denne første runden ber eg om hjelp til å få inn namn på leiar, telefonnummer og epostadresse til kvart lag, og kva aktivitetar de har til faste tider.

Byrjar registrering torsdag 10.09, så fint med raske svar😊. Svar med epost til
vivian.vage@gulen.kommune.no 
kristin.kvamme.rasch@gulen.kommune.no 
karina.borilden.sjovold@gulen.kommune.no

På førehand takk for hjelpa😊

Vh Vivian Våge
Dagleg leiar, Gulen Frivilligsentral