Nytt namn
25. april 2019 vedtok representantskapet samrøystes nytt namn: Stiftinga Kystkultur no! Det nye namnet markerer adressa til heimesida, som er stiftinga sitt andlet utad, medan no! óg spelar på at det handlar om å løfta fram det som er aktuelt kring kystkultur for tida.

Nytt formål
Stiftinga Kystkultur no! er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og verke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av kystkultur i Vestlandsregionen.
 
Ny nettside
www.kystkultur.no finn du løpande oversyn over kystkulturarrangement frå 30 kommunar på Vestlandet. Vidare finn du andre kystkulturprosjekt, multimedia, reportasjar og sosiale media. Etterkvart kjem det fleire tilbod der du kan bidra: utøvar/handverkar/artist-register, bløgg, digital krambu for småskala aktørar og ressursbank for arrangørar.
 

Ny epostadresse
Dagleg leiar er som før Kjell Magnus Økland. Ta gjerne kontakt på post@kystkultur.no eller telefon 95 04 67 39.
 

Nye medlemskommunar
Grunna regionreforma 2020 er det naturleg at stiftinga no utvidar arbeidsområdet sitt. Førebels har åtte kommunar gjort vedtak om innmelding: Eid, Selje, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Solund, Modalen og Samnanger, velkomne skal dei vera! Truleg kjem det enda fleire kommunar til etterkvart. Med dette har arbeidsområdet auka monanleg, slik at stiftinga no fremjar kystkultur frå Sveio i sør til Stadt i nord.
 

 
Ny arrangementsregistrering
Skal du arrangera? Då går du til www.kystkultur.no, lagar deg konto, loggar deg inn og brukar registreringsskjemaet. Då kan Stiftinga Kystkultur no! spre infoen om arrangementet til ulike flater. Dermed får arrangementet ditt eksponering via vevsider, sosiale media, lokalavisa og skjermar i det offentlege rom. Sjå meir om dette i den vedlagte faldaren om Stiftinga Kystkultur no!
 
Kva slags arrangement?
Stiftinga Kystkultur no! fremjer arrangement på både sjø og land, gammalt og nytt: større festivalar, smale nisjearrangement, båtturar på små og store farkostar, konsertar, teater, utstillingar, omvisningar, vandreturar, marknad/arena for småskala næringsliv, arena for artistar/handverkarar/utøvarar og ikkje minst er dette ein møtestad på tvers av generasjonane. Fellesnemnaren er kystkultur i ei eller anna form.
 

Kystkultur er sunt, året rundt!
Fleire av dei nyinnmelde kommunane har vore inne på at dei har svært relevante arrangement som høver godt i konseptet, men som skjer på andre tidspunkt enn innanfor den tradisjonelle perioden i august og september. Dette poenget er óg relevant i dei eksisterande medlemskommunane óg. Stiftinga Kystkultur no! arbeider difor for ei heilårs fremjing av kystkultur.
 
 
Søk arrangementsstøtte
Kvart år deler Stiftinga Kystkultur no! ut midlar til utvikling av arrangement. Arrangementstøtta er gjort mogleg av Grieg Foundation og Stiftelsen Neptun. Søknadsfristen denne gong var 10. juni, men dette vil frå 2020 bli omgjort til kvartalsvise søknadsfristar: 10. februar, 10. mai, 10. august og 10. november. Send søknad til post@kystkultur.no Tilskot frå Stiftinga Kystkultur no! skal vere med å auka kvaliteten på arrangementet og kan vera noko som gjev arrangementet eit ekstra løft. Søknadsomfang: hald deg til ei A4-side. Meir info: www.kystkultur.no
 
 
Stiftinga Kystkultur no! hjelper deg med

  • Telefondialog/rådgjeving/ideutvikling
  • Vitjing av dagleg leiar
  • Nettverkskobling av til dømes artistar og utøvarar
  • Videoinnslag på Youtube/Facebook
  • Arrangementstilskot
  • Kvart arrangement får eiga nettside
  • Promotering via sosiale media
  • Samleannonsar i lokale og regionale media
  • Hjelp med pressemeldingar og pressekontakt
  • Dokumentasjon i etterkant
  • Mediearkiv


 
Elles då?
2019 sitt offisielle opningsarrangement skjer laurdag 10. august i Gulen. Seinare i august og september kjem skuleprosjektet Snakkast på fjorden – ein skuledag i, ved og på fjorden for ungdomskuleelevar i Nordhordland. Til vinteren lagar Stiftinga Kystkultur no! samlingar i lag med lokale aktørar for å drøfta og inspirera kring kystkultur.


 
Spørsmål eller tilbakemeldingar?
Ta gjerne kontakt!
 
Helsing
Kjell Magnus Økland
Dagleg leiar
Stiftinga Kystkultur no!
+47 95 04 67 39
post@kystkultur.no
www.kystkultur.no


PS!
Spre gjerne skrivet til alle som bør ha kjennskap til dette.

Lik og følg oss på facebook!

https://www.facebook.com/kystkulturno
Der får du ramsalt kystkultur frå Sveio i sør til Stadt i nord!