Det er oppdaga fugleinfluensa i Rogaland og i Vestland, ved Bergen.
 
Fugleinfluensa smitter svært lett mellom fuglar, men ikkje så lett mellom fugl og menneske. Fuglar som vert smitta, vil oftast døy av sjukdomen. Ein skal ikkje ta i sjuke eller døde fuglar utan handskar. Ser ein sjuke fuglar av artane and, gås, svane, måsefuglar, vadarar, rovfuglar og åtseletarar som kråke og ravn,  utan teikn på ytre skader, skal ein melde frå til mattilsynet. Tlf.: 22 40 00 00

Det er viktig å halde smitta på eit så lavt nivå som mogeleg, for at det ikkje skal ramme fjørfenæringa.

Dei som har fjørfe som hobby utandørs; høner, ender og gjess, må ha desse inngjerda i ein «garde» ikkje større enn at ein kan ha eit tett tak over.
Har ein hobbyfjørfe i risikosonen som Gulen kommune er ein del av, må ein registrere dyrehaldet sitt hos Mattilsynet her

Størstedelen av Sørnoreg er definert som høgrisikoområde og er omfatta av forskrifta. Ein finn forskrifta her
Ein kan lese meir om fugleinfluensa på nettsida til Mattilsynet
 

Helsing
Viltkonsulent, Gulen kommune