Generelt om kommuneplanen

Samfunnsdelen gjer greie for kommunen sine utfordringar og kva strategiar som skal leggast til grunn for å møte desse.

Kommuneplanen sin arealdel avklarer kva område som kan byggast ut og kva forutsetningar som ligg til grunn for utvikling av områda. Arealdelen vert vedteken med rettsvirkning.

Arealdelen omfattar ein planrapport og eit plankart. Planrapporten gjev føresegner og informasjon til dei ulike arealføremåla som syner i plankartet. Planen gjev styrande føringar for utvikling av lokalsamfunnet og framtidig forvaltning av areal og andre naturressursar. Bygge- og anleggstiltak kan ikkje vere i strid med arealbruk eller føresegner som er fastsett i planen.

Minst ein gong i løpet av en valperiode skal kommunestyret vurdere om det er trong for å gjere endringar i kommuneplanen.