Gulatingprisen skal etter statuttene tildelast enten for lang og god innsats for kommunen, eller til nokon som gjennom året har gjort seg særleg bemerka. «Prismottakaren denne gongen oppfyller begge desse kriteriane.», sa ordføraren i sin tale.

Anita Pettersen har gjennom sin deltaking i Kriseleiinga bidratt til ein trygg handtering av koronasituasjonen. Ho har òg hatt tett oppfølging av personar, lag og verksemder om smittevernfaglege råd. Dette har ho handtert i tillegg til dei oppgåver som ho utøver som kommunelege. Gulen kommune har vore heldig som har hatt henne som lege gjennom veldig mange år.  

Anita sjølv seier at denne prisen tek eg som ein pris til Gulen helsesenter.