I februar 2019 gjorde Kommunestyret vedtak om å byte samarbeid over til Nordhordland (IKTNH). Prosessen er godt i gang og det blir eit stort arbeid for mange partar å få dette på plass. Alle tilsette og alle tenester vil bli påverka i ein slik flytteprosess. Vi ber difor om forståing for at enkelte system kan vere nede i kortare periodar i tida framover, og det kan oppstå noko ventetider av den grunn.
På sikt vil omlegginga bli bra for Gulen kommune.