Eit ledd i dette arbeidet er at vi no i haust vil starte med meir automatikk rundt utsending av fakturaer. Vi ønskjer å sende minst mogleg papirfaktura, som er det mest kostbare alternativet både for kommunen og kundane.


Kva konsekvenser har dette for deg?
Den nye løysinga inneber at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, som Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Hvis dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.
 
Brevgiro
Dei nye fakturaene kan ikkje brukast for betaling via brevgiro.
Betalar du via brevgiro, må du benytte ein tom bankgiroblankett, fylle ut nødvendig informasjon som du finn på den tilsendte fakturaen og deretter benytte den ferdig utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme bankgiroblanketter kan du få i din lokale bank eller på kommunehuset. På kommunehuset kan du og få hjelp til utfylling av tomme bankgiroblankettar.

Informasjon som må fyllast ut på den tomme fakturablanketten er: 

Beløp
Betalarens bankkontonummer
Betalt av
Betalt til
Kundeidentifikasjon (KID)
Kroner og øre
Til konto
 

Faktura via Vipps
Hvis du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du no kunne få fakturaen som Vippsfaktura.
Dette føreset at du brukar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps faktura. I tillegg må du sjølvsagt vere registrert med eit gyldig mobiltelefonnummer i Gulen kommune sitt kunderegister.

Faktura i Digipost/eBoks
Hvis du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du no kunne motta fakturaen som digital post i Digipost- eller eBoks-postkassen din.
Dette føreset sjølvsagt at du allereie har ein digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post
Hvis du er vant til å få faktura i postkassen din, vil du no kunne få faktura som vedlegg i ein e-post fra Gulen kommune.
Dette føreset at du er registrert med ei gyldig e-postadresse i Gulen kommune sitt kunderegister .

 
Du vil sjølvsagt motta fakturaen på den eine eller den andre måten. Hvis du allereie har avtalegiro eller efaktura-avtale med Gulen kommune, vil du fortsette å motta faktura som avtalegiro eller efaktura.

Hvis du ikkje har slik avtale blir fakturaen sendt til Vipps - hvis du er registrert med mobiltelefonnummer og benytter Vipps faktura. Hvis du ikkje brukar Vipps faktura, blir fakturaen sendt til Digipost eller eBoks (hvis du mottar allereie digital post frå det offentlige), osv. Er det ikkje mogleg å sende fakturaene digitalt, blir fakturaen sendt som brevpost.
 

Faktura sendast til rekneskapsfører/annan mottakar enn deg sjølv
Har du i dag ein rekneskapsfører som mottek faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbygger) overstyre hvis kunden er registrert med personnummer. Då sendast faktura til kunden istadenfor “annen mottaker”. Vi anbefaler difor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.


Her kan du sjå video som forklarer digital faktura for deg