Vi opnar opp for besøk ute på benk der dei nasjonale retningsliner må fylgjast; to meter avstand, handhygiene og at personane er friske. Det vert ikkje opna opp for å gå tur. Fellesareala er framleis stengde jmf nasjonale retningsliner.

Vi oppmodar og sterkt om at besøkande tek kontakt med tilsette på bu- og omsorgssentra for nærare informasjon og avtale før besøket.

Gulen sjukeheim er framleis stengd for besøk, jmf nasjonale retningsliner.

Vi håpar at pårørande og vener har forståing for restriksjonane.

Samstundes minner vi om oppfordringa til helsepersonell om å unngå smitterisiko på fritida. Ikkje oppsøke smittesituasjonar som større butikkar/varehus og utestadar med mange tilstades.