Terje Nyhammer, kaptein på Solundir
Terje Nyhammer, kaptein på Solundir

Det er heile 21 å sidan sist sjukeheimen har våre på tur. Dette skuldast truleg dårleg økonomi og at slike utgifter ikkje ligg inne i noko budsjett. Samstundes krevjast det engasjerte og fleksible arbeidstakarar.

Terje Nyhammar har hatt mor si på rehabiliteringsopphald på sjukeheimen og tenkte at dette måtte gå an å få til for dei gamle. Han kontakta Vidar Hop Skyssbåter som også «tente» på ideen og stilte M/S "Solundir" til Disposisjon.

West Sea Shipping AS og stod for planlegging av turen og mannskap på båten i tett samarbeid med personalet på rehabiliteringa. Dette var eit fantastisk tilbod ein ikkje kunne takke nei til. Nokre telefonar var alt som skulle til for å komme i mål med utgifter til transport, mat og å skaffe litt underholdning.

Turen gjekk frå Sandalskaia i Eivindvik. Sola skein frå skyfri himmel og sjøen var blikkstille. Det var kaldt, men alle var godt kledd og spente på kva dagen ville bringe. Vi var totalt 40 stykke inkludert pasientar og pleiarar samt nokre bygdefolk.

Terje Nyhammer, kaptein på Solundir, guida oss undervegs. Første "stopp" var Vilsvika der Jon Martin Helland tidligare budde. Jon Martin kjem frå Voss, men flytta til Gulen i 1994. Han er tidligare yrkessjåfør.
Deretter gjekk turen vidare mot Brandangersundet og Furnes.

Agnes Mjånes
Agnes Mjånes

Etter å ha tatt ein runde på vågen i Furnes køyrde vi vidare til Skiparvika for å sjå på plattformene og aktiviteten som går føre seg der. I Skiparvika fekk vi ombord Jon Torsvik, medeigar i Skiparvika Næringspark. Han fortalde om utviklinga som har skjedd der dei siste fire åra. Etter å ha sett Torsvik på land igjen, gjekk turen vidare ut forbi Mjømna, Svinøyna og til Store Kvernøy.

Agnes Mjånes ( 95 år) kjem ifrå Store Kvernøy og fekk sjå heim. Ho er tidligare bondekone, men har også jobba på krabbefabrikken på Byrknes og Fonnes.
 

Turen gjekk vidare til Lille Kvernøy. Her har Arthur Ottesen (82 år) budd.
Han var tidligare fisker, men har de siste åra budd på sjukeheimen.
 

Zelika og Arthur
Zelika og Arthur

Vi sette kursen vidare mot Skjerjehamn for å helse på kongen. Kongen helsa oss velkommen og vi gjekk i land for å få litt historie og forfriskingar.
Øyvind Lid fortale oss historie om Skjerjehamn frå gammalt av. Spennande, men klokka gjekk så alt for fort så han fikk ikkje fortalt ferdig før vi måtte haste oss vidare. Tilbake i Eivindvik stod ein rastlaus drosjesjåfør å venta. Han hadde ein avtale som han såg han ikkje rakk fordi vi kom tilbake seinare enn avtalt. Likevel smilte han og gjorde om avtalen sin slik at vi fekk dei pasientane som kravde rullestol trygt oppatt på sjukeheimen.

Vi vil med dette takke:

Terje og Oddfinn Nyhammer for framifrå guiding og service ombord, matros Jonas Ingebrigtsen for å passe godt på oss og holde kontroll på at alle var ombord, Vidar Hop skyssbåt som sponsa båten, West Sea Shipping AS ved Tore Strømsnes, Terje og Oddfinn Nyhammer, for planlegging og mannskap på M/S "Solundir", Gulen taxi (Eidsbotn og Brekke) for transport til og frå sjukeheimen, Saniteten i Gulen for dekking av utgifter til kaffi og vaflar samt Øyvind Lid og Jon Torsvik for forteljingar frå gammal og ny tid.

Sist, men ikkje minst, ein stor takk til ansatte i Gulen kommune som kom på jobb i fritida si for å gjere dette mulig!

For Gulen sjukeheim

Anne Karin D. Haveland