Skal du setje i gang med tiltak på din eigedom, lyt du søkje om løyve til dette for større tiltak eller melde tiltaket til kommunen dersom dette er av mindre omfang.

Skal du bygge i område der tiltaket ditt ikkje samsvarar med arealbruken for området, t.d tiltak i LNF område, eller i strandsona (100 metersbeltet) lyt du søkje om dispensasjon.

For meir informasjon om byggesak og plansak sjå www.nhdigi.no

For søknad om løyve til tiltak og meldingssaker sjå www.byggsøk.no
Du vert rettleia gjennom byggesøknaden og får hjelp av hjelpetekstar undervegs i utfyllinga. Gulen kommune kan ikkje ta i mot e-søknad via byggsøk, men du kan ta utskrift frå nettet og sende kommunen.

Klikk her for ein oversikt over ulike søknadsskjema og blankettar....

Kart over Gulen finn du her: www.nordhordlandskart.no